Sidan 2016 har politikarar og sivilsamfunn i Mosambik kjempa mot dei hemmelege milliardlåna tatt opp av korrupte tenestemenn, og som har ført landet ut i ei alvorleg gjeldskrise.
Sjølv om tre tildlegare Credit Suisse-tilsette har blitt siktat for kvitvasking og svindel, har ein til no ikkje klart å halde sjølve banken ansvarleg for låna. No meiner amerikanske påtalemyndigheiter at dei har nok bevis for å kunne stille Credit Suisse til ansvar.
Kva er bakgrunnen for gjeldsskandalen i Mosambik?
Mellom 2013 og 2016 ga den den sveitsiske storbanken Credit Suisse og den russike banken VTB styresmaktene i Mosambik eit lån på $2 millardar. Credit Suisse vidareselde deler av lånet som obligasjonar til internasjonale investorar og skal ha tena $24 millionar på dette. Credit Suisse sit derimot framleis på $270 millionar av lånet.
Låna hadde som føremål å finansiere ei knippe utviklingsprosjekt, mellom anna oppkjøp av ei flåte fiskebåtar til fiske av tunfisk, samt bygge eit tryggleikssystem for å overvåke havområda utanfor landet. Lånaobligasjonane har difor fått kallenamnet "tuna bonds". Låna vart gitt til tre statseigde føretak, og dåverande finansminister i Mosambik, Manuel Chang, ga låna statsgaranti, og fekk truleg bestikkelser for dette. Chang har flykta til Sør-Afrika, og kjempar no for å unngå utlevering til USA.
Om lag $500 millionar av dei to millardane Mosambik låna, forsvann, og verdien av dei innkjøpte fiskebåtane har visa seg å vere langt mindre enn det låneavtalen sa dei var verdt.
Gjeldskrise og konflikt
I 2017 erklærte Mosambik at dei ikkje makta betale tilbake låna til sine kreditorar. Gjeldsskandalen har skapa ei politisk krise i Mosambik, og ein konflikt mellom bankane, dei internasjonale obligasjonsinvestorane og Mosambik om kven det er som står ansvarleg for låna. VTB bestemde seg i januar i år for å saksøke Mosambik for å få tilbakebetalet dei $500 millionane Mosambik formelt skuldar den russike storbanken.
Fleire grupper i Mosambik argumenterer for at låna er grunnlovsstridige, då regjeringar i Mosambik ikkje skal ta opp statsgjeld utan å få godkjenning av parlamentet. Desse gruppene ynskjar å få låna erkært som ulovlege slik at Mosambik ikkje er pliktige å betale dei tilbake. Fordi låna er gitt av dei to storbankane sine London-kontor, fell lånekontraktane derimot under britisk lov, og det er lite myndigheiter og parlament i Mosambik formelt kan gjere.
Fleire av investorane i obligasjonslåna var amerikanske, og det pågår difor rettsprosessar også i USA. Amerikanske påtalemyndigheiter har til no tiltala tre tidlegare Credit Suisse tilsette, to mellommenn og tre embetsmenn frå Mosambik for kvitvasking og svindel av investorar. Amerikanske myndigheiter meiner at minst $200 millionar av dei forsvunne pengane har gått direkte til desse 8 personane. I 2019 erklærte dei tidlegare Credit Suisse-tilsette seg skuldige.
Det er lite truleg at leiinga i Credit Suisse hadde kjennskap til korrupsjonsopplegget som dei tre tilsette hadde med tenestemenn i Mosambik. Det rettslege spørsmålet dreiar seg difor no om kven det er som er rettsleg ansvarleg for å ha feilinformert dei amerikanske investorane om verdien på investeringane - er det Credit Suisse eller er det myndigheitene i Mosambik? Credit Suisse har hevda det er Mosambik som er rettsleg ansvarleg for denne informasjonen, men amerikanske myndigheiter meiner no dei har nok bevis til å halde Credit Suisse rettsleg ansvarleg.
Credit Suisse har førebels ikkje kommentert denne seinaste utviklinga, anna enn at dei samarbeider med etterforskinga, men skal ha mottatt eit brev frå myndighetene i februar der bevisa skal ha blitt lagt fram.
Dette vil ikkje direkte eller på kort sikt gjere noko for å hjelpe Mosambik i gjeldskrisa, men er eit viktig steg i retning av å plassere deler av ansvaret for korrupsjon hos dei vestlege finansinstitusjonane som ofte er involvert.
Oljefondet eig Credit Suisse
Oljefondet er ein av den sveitsiske storbanken sine støste eigarar, og norske sivilsamfunnsorganisasjonar har bedt Noreg om å trekke seg ut av skandalebanken. Gjeldskrisa i Mosambik er ikkje fyrste gong banken har vore involvert i økonomiske skandaler. Credit Suisse har fleire gonger blitt dømt for skattunndraging og medverkand til skatteunndraging, og Tax Justice Network - Norge har bedt Oljefondet innlemme økonomisk kriminalitet, kvitvasking og skatteunndraging som eit av dei adferdsbaserte uttrekkskriteria til Etikkrådet.