Ber OECD om offentleg land-for-land rapportering
OECDs høyring førte til ein strøm av openheitskrav frå investorar, småføretak og sivilsamfunn.
Oppdatert: 12. mars 2020
I seinare år har dei største multinasjonale føretaka måtte rapportere inn til skattemyndigheiter kor mykje skatt dei betalar i ulike jurisdiksjonar, etter OECD sin standard. Dette er såkalla "land-for-land rapportering".
Desse rapportane er førebels ikkje offentlege, men blir kun sett av og delt mellom skattemyndigheiter, og då primært mellom skattemyndigheiter i rike land. Førebels er det til dømes berre 3 afrikanske land som mottar land-for-land rapportar frå skattemyndigheiter i andre land.
Tax Justice Network- Norge og andre organisasjoner har lenge jobba for at multinasjonale føretak må publisere denne informasjonen offentleg. Fleire store multinasjonale føretak, som Shell, publiserer frivillig slike oversikter, og EU innførte for eit par år sidan offentlege rapportering for dei største bankane.
At fleire i næringslivet no ønskjer openheit, syner kor langt vi har kome. I 2014 deltok Tax Justice Network-Norge på OECD sitt konsultasjonforum den gang land-for-land skulle først innførast som standard. Då kjempa næringslivslobbyen hardt for at land-for-land skulle bli minst mogleg open.
Skattetrikserne skal tas! (Men ikke i fattige land), skreiv vi i 2014.
Då OECD no inviterte til innspel på utforminga av rapporteringsstandarden, var ikkje openheit noko OECD eksplisitt ba om innspel på, men mange høyringsinnstansar valgte likevel å ta opp att kravet som mange i sivilsamfunnet har kjempa for sidan land-for-land rapporterting fyrst vart lansert som tiltak.
Her er ein rapport om offentleg land-for-land fra Tax Justice Network som Attac oversatte i 2011.
Tax Justice Network- Norge har saman med mange andre organisasjonar i Tax Justice Europe-samarbeidet spelt inn eit felles høyringssvar til OECD. Her ber vi om at land-for-land-rapportar må offentleggjerast. Openheit er viktig for å sikre at skattemyndigheitane i alle land har lik tilgang på informasjonen frå rapportane, og for at sivilsamfunn, media og andre skal kunne ettergå informasjonen frå dei multinasjonale føretaka. Les høyringssvaret nederst i denne saka. Innspelsfristen var 6. mars.
Mange andre høyringsinnstansar stilte same krav. Den amerikanske sivilsamfunnsorganisasjonen FACT coalition (Financial Accountability and Corporate Transparency) samla underskrifter frå fleire amerikanske senatorar, medlemmar i Representantanes hus, næringslivsforeningar for små- og mellomstore føretak og finansielle investorar, på eit felles høyringssvar som krev at offentleg land-for-land-rapportar.
OECD har lagt ut alle høyringssvara dei har mottatt. Dei offentlege høyringsmøta er førebels utsatt på grunn av Koronautbrotet, og det er uvisst om dette får følger for framdrifta i prosessen.