TJNN krev meir openheit i Folketrygdfondets investeringar
Høyringsinnspel frå Tax Justice Network – Norge, 25. april 2019
Meld. St. 20 (2018-2019) Statens Pensjonsfond
Tax Justice Network - Norge takkar for høve til å kome med innspel til Meld.St.20 (2018-2019) Statens Pensjonsfond.
I tillegg til forsvarleg økonomisk forvaltning av kapital, er det svært viktig at dei to pensjonsfonda våre fremjar openheit om eigarskap og skatt i alle føretak dei er investert i. I dette høyringsinnspelet vil Tax Justice Network- Norge legge fram forslag til korleis både SPN og SPU kan betre sine prinsipp og sin praksis for ansvarleg forvaltning på desse områda.
Statens pensjonsfond – Norge
Folketrygdfondet må utøve aktivt eigarskap på skatt og openheit
I Meldinga til Stortinget gjer Departementet ei vurdering av om Folketrygdfondet skal få eit etikkråd etter same modell som SP-U, men argumenterer for at dette ikkje er naudsynt eller føremålstenleg då eigarskapsmodellen til SP-N er ein heilt annan enn til SP-U. Denne vurderinga er Tax Justice Network – Norge samd i, men vil understreke at det då er svært viktig at Folketrygdfondet tek i bruk dei verkemidla som dei har til påverknad.
Som Meldinga slår fast er SPN er kun investert «…i et fåtall selskaper og har relativt høye eierandeler, særlig i Norge. Folketrygdfondet sitter nært selskapene og markedene, noe som gjør at det er velegnet for aktivt og ansvarlig eierskapsarbeid».
Som eit ledd i denne eigarskapsarbeidet er det er viktig at SP-N utviklar eit rettleiande dokument på openheit og skatt. Her kan forventningsdokumenta som SP-U har utvikla for skatt vere eit godt utgangspunkt.
Folketrygdfondet bør krevje at alle føretak dei er investerte i:
- er opne om dei reelle eigarane bak sine 20 største aksjepostar, i tråd med Investor Relations-anbefalingane til Oslo Børs
- offentleggjer utvida land-for-land-rekneskap (om føretaket opererer i meir enn eit land)
- er opne om heile sin føretaksstruktur og interessefellesskap, og alle jurisdiksjonar som føretaket har aktive, eller passive, underføretak og andre juridiske einingar registrerte i.
Stort problem med hemmeleg eigarskap på Oslo Børs
22.8 % av verdiane på Oslo Børs eigast gjennom forvaltarkonto1. Dette utgjer om lag 2/3 av det utanlandske eigarskapet av aksjar. Det reelle eigarskapet er då ukjend for allmennheita, og ofte gjeld det dei største eigarane som Næringsdept og Folketrygdfondet eig saman med.
Ved utgangen av 2017 var 13.5 av dei 20 største eigarane i dei ti største føretaka på Oslo Børs bak forvaltar.
Oslo Børs sine Investor Relations-anbefalingar ber føretaka sjølve opplyse om dei reelle eigarane bak sine 20 største aksjepostar. Somme av føretaka på Oslo Børs, som DNB, gjer dette, medan andre, som Norsk Hydro, Yara og Telenor gjer det ikkje.
Tax Justice Network – Norge meiner at det finst eit stort rom for Folketrygdfondet, som er 2. eller 3. største eigar i dei store børsnoterte føretaka, å påverke desse til å vere meir opne om sine eigarar og sine land-for-land-rekneskap.
Statens pensjonsfond - Utland
Om investeringar i finansinstitusjonar
NBIM har utvikla eit godt forventningsdokument på skatt og openheit som vi håpar vert nytta aktivt. I meldinga skriv departementet at det er viktig at terskelen for uttrekk er høg, men at det også blir føretatt risikovurderingar som kan føre til at SPU sel seg ut av i føretak.
Tax Justice Network- Norge vil oppfordre NBIM til å endre på korleis ein vurderer risiko knytt til investering i finansinstitusjonar.
Skandalane og lekkasjane som har kome i seinare år har synt oss at store, internasjonale bankar er sentrale aktørar når det kjem til kvitvasking, skatteunndraging og aggressiv skatteplanlegging. SP-U er investert i dei fleste av skandalebankane.
Danske Bank og Swedbank er no involvert i historisk store kvitvaskingssaker, og er under etterforsking i fleire jurisdiksjonar for å ha lagt til rette for kapitalflukt og kvitvasking gjennom sin verksemd i Baltikum. Deutsche Bank er også under etterforsking i fleire land, for fleire brot. I februar i år vart UBS dømt av ein fransk domstol for å ha aktivt hjelpt kundar med skatteunndraging, og fekk ei bot på €4.5 milliardar. Den såkalla «CumEx-skandalen» som vart avslørt i oktober 2018 gjekk ut på at ein svindla europeiske skattemyndigheiter for €50 milliardar gjennom blant anna falske refusjonskrav for utbytteskatt. Av dei 16 bankane som vart namngjevne som involverte i svindelen, var SPU investert i 13. Det grovaste tilfellet ser ut til å vere den australske banken Macquarie Bank, der også toppleiinga no er under politietterforsking i Tyskland.
Finanssektoren er ein sektor kjenneteikna av høg risiko for økonomisk kriminalitet i form av kvitvasking, skatteunndraging og, som i CumEx-saken, rein skattesvindel. Det er difor viktig at NBIM vurderer om det er «forsvarleg forvaltning» å ha desse bankane i sin portefølje.
Bankar skal vere portvoktarar for at investeringar til næringslivet skjer på ein ansvarleg måte. Når dette leddet viser seg å svikte, er dei samfunnsmessige skadeverknadane store, og det vert særleg viktig å agera.
Om organiseringa av investeringar i unotert eigedom
Norges Bank har uttalt ynskjer om å etablere ein holding-struktur i Noreg for å gjere styring og kontroll med investeringar i unotert eigedom enklare.
Tax Justice Network – Norge meiner det må prioriterast å finne å flytte dei investeringane som i dag er organisert i holdingføretak i jurisdisksjoner som Luxembourg og Delaware. Viss denne flyttinge ikkje er mogleg på kort sikt som følge av juridiske hindre, slik det står i St.Meld 20 (2018-2019) kapittel 3.10, bør Norges Bank i staden byrje å selje seg ut av desse investeringane.
Sigrid Klæboe Jacobsen, Dagleg leiar
Ingrid Hjertaker, Politisk rådgjevar
Tax Justice Network - Norge